Mekking på bakhjulet

March 11th, 2016 No comments

IMG_2406Då er Chang Jiang’en i hus, og eg oppdaga tidleg at ikkje alt var som det skulle i dei bakre fasiliteter. Det var null fjæring, og null bakbrems. Så da var det berre å jekke den opp og inspisere.

Problem 1: Plunger suspension

IMG_2431


POWERTOOLS

IMG_2429

Den svarte hylsa skal gå utanpå den kromma koppen nederst.

Denne konstruksjonen – som nok er tenkt opp av ein full fjellbonde i Bayern mot slutten av oktoberfesten – er slik at det er ein metallkopp nederst, og så er det ei hylse som skal skli utanpå denne.

Problemet hos meg var at hylsa hadde hekta seg fast på toppen av koppen, noko som låste bakhjulet i den øverste posisjonen. Ikkje heilt heldig. Løysinga blei å finne fram ein plankebit og ein hammar og gje den blanke koppen eit par handfaste kakk så hylsa ramla ned. Problem: solved.

Problem 2: Oljelekkasje frå kardangen

Her måtte eg til med reservedeler. Hyggelege Vidar hos MC-apoteket på Nøtterøy sørga for å sende meg ny SIM-ring og nye bremsesko. Den gamle sim-ringen var heilt øydelagt, og retur-kanalen for olje var i tillegg tett så då blei det oljekjølte bremser på doningen. Den der returkanalen er forøvrig ein veldig god idé, som nok kan berge mang ein bremsekloss så lenge ein hugsar å inspisere den ein gong i månaden elns. Å bytte sim-ringen var veldig lett, sju skruer og litt voldelig skrujernbruk for å få ut dei gamle restene så var det berre å smøre opp den nye litt og sette den inn. No problemo.

Å sette på nye bremsesko er også totalt uproblematisk så lenge ein hugsar brette-trikset frå den tida ein hadde Tempo Corvette ;)

IMG_2652

Eitt stykk herpa sim-ring

IMG_2650

Sim-ring satt inn og deksel skrudd på. Vurderer nye skruer med unbrako-hovud her.

IMG_2651

Sim-ring og nye bremseklosser på plass.

Problem 3: Eike-skraping

Så, bakhjulet byrjar å få lita mønsterdjupn, så eg har lyst til å bytte det ut. Så eg satte på reservehjulet, men det viser seg at enkelte av eikene skraper borti kardanghuset… Litt usikker på kva eg skal gjere. Alternativa er

  • La det skrape. Før eller sidan vil det slite seg til. Dårleg alternativ.
  • Banke inn dei eikene og eike-endane som skraper borti med ei passe slegge. Artig alternativ.
  • Bytte over dekket til det opprinnelege hjulet. Keisamt alternativ.
  • Henge reservehjulet på vogna igjen, køyre til bakdekket verkeleg er utslitt og så bytte det ut med eit nytt. Beste alternativ.

Får gruble litt på dette til i morgon.

 

Det var det vi hadde! Sjekk tilbake for fleir oppdateringer om eigarskapen til 30-tals teknologi! Artig er det uansett :)

Categories: Chang Jiang, MC, Me Tags:

New guitar: G-sharp!

January 3rd, 2016 No comments

IMG_2156For some years now I had been aware of the G-Sharp, G#, Giss or OF-1 guitar (no|en) made by luthier Øivin Fjeld. This guitar is a solid body electric guitar with a short scale – it’s G#-G# tuning is similar to mounting a capo to the fourth fret on a standard guitar. It just sounds marvelous, and the distance between the frets fits my fairly small fingers very well. It’s also a quality instrument, built in solid mahogany.

After finding one not so far from where I live online I just went and bought it just before christmas. After a short round of haggeling it was mine! When I bought it the guitar was tuned in the G# tuning, which of course sound immensly great on it but since I am a lousy guitar player I need help from some apps to learn playing and those apps do not understand much else than the normal open E tuning of a standard guitar.

IMG_2157I needed some help cleaning up and lacquering the neck, fixing the tuning, getting new strings and fixing the intonations for the new strings that I would need in an open E. Setting the G-Sharp up for an open E tuning means getting thicker strings, and then you need to move the floating bridge around to get the intonation right…. not something a noob like me should attempt, so I went to see Mr. Fjeld himself. After a while in his guitar workshop on Rolvsøy my G# was as good as new! That man does seriously good work, and is extremely serviceminded – if ever in Norway and need to get your guitar fixed… he’s the man. He also added some shielding and put in another ground cable to the single coil pickup, a small fix but it makes for a lot less distortion.

GearSo. Playing the thing. I am still learning to play, so I use apps like Yousician on my iPad to learn playing. This is also the reason I need an open E tuning as most apps on the iPad does not recognize other tunings. My current practice setup that I use the most looks like this, soundwise: G-Sharp Guitar -> Fender angled cable -> iRig2 -> iPad -> Garageband App with guitar amp in the background -> Yousician App -> iRig2 -> headphones.

Just like other great musicians I like comparing myself to (in my dreams) I really dig the G-Sharp. Very easy to play on, easy to bring around and sounds very good. Jarle Bernhoft, Mark Knopfler, Eric Clapton and Elton John just can’t be wrong!

Check out the official web page for the G-sharp here: http://www.g-sharpguitar.com/

And then there’s the awesome volume knob that disappears into the top of the guitar: IMG_2159

 

 

b

Categories: Guitar, Me Tags: , , ,

Kjekt lite script for å sende SMS hos Talkmore

March 23rd, 2015 No comments

Då OneCall gjekk over til å få Netcom-dekning her ute i provinsen medførte dette at eg måtte bytte leverandør for å kunne føre klar tale i heimen. Så då blei det brått Talkmore på meg. Talkmore koster det same, og ein kan og sende SMS frå websidene deira. Så her er scriptet eg bruker for å sende SMS frå kommandolina no for tida.

…vurderer å mekke oppslag i Zimbra sin CardDAV-server også, eg kjem straks tilbake til dette trur eg.

#!/bin/bash
#
# Quick and dirty script for sending SMS via talkmore.no. Firebug is my friend.
# 
# Works as of 2015-03-23, but URLs, POST variables and valid post data may change at any time
#
# Sent SMS may or may not be charged to your phone bill

CONFIGFILE="$HOME/.talkmoresms"

if [ -f "$CONFIGFILE"  ]; then
    . "$CONFIGFILE"
else
    USER="$1"
    shift
    PASSWORD="$1"
    shift
fi

TONUM="$1"
shift

MESG=$(echo "$*" | iconv -f utf8 -t iso88591)


if [ -z "$1" ]; then
    echo "Usage: $0 YourNumber Password ToNumber The rest of the arguments is the message"
    exit 1
fi

CJAR=$(mktemp)
chmod 0600 "$CJAR"

curl -c "$CJAR" https://www.talkmore.no/talkmore3/servlet/Login \
    -d password=$PASSWORD \
    -d username=$USER 

curl -b "$CJAR" -c "$CJAR"  https://www.talkmore.no/talkmore3/servlet/SendSmsFromSelfcare \
    -d list=$TONUM \
    -d message1="$MESG" > /dev/null

RESULT="$?"

echo

rm -f "$CJAR"
exit $RESULT


Categories: Uncategorized Tags:

How to install Google Earth 32-bit on Ubuntu 14.10 Utopic 64-bit

December 29th, 2014 No comments

Installing Google Earth on Ubuntu 14.10 has become a major pain in the arse after they gave up the ia32-libs compability package. Also, at least for me, the 64bit Google Earth package crashes on startup so that didn’t work.
Read more…

Categories: Things Lunix Tags:

Kjekt lite script for å sende SMS hos OneCall

May 17th, 2013 1 comment

NB – på grunn av at OneCall bytta meg over til Netcom-dekning blir ikkje dette scriptet vedlikeheldt lenger då eg bytta ut OneCall med TalkMore. Bruk det gjerne, men YMMV

Sjå ny versjon av scriptet som fungerer hos Talkmore her.

Ein av dei tinga eg verkeleg likte hos Telenor var det udokumenterte HTTP GET-apiet for å sende SMS. Etter at eg bytta til OneCall på privattelefonen har eg brukt ting som Prowl og NotifyMyAndroid for å få kjappe meldinger til mobiltelefonane mine. Dette er vel og bra det, men dersom ein til dømes er i utlandet og har satt opp FTF-varsling på geocaching.com for det området ein befinn seg i ynskjer ein jo ikkje å pådra seg enorme utgifter ved å ha mobildata slått på.

Så, med litt hjelp frå Firebug i Firefox laga eg eit enkelt lite script for å sende SMS frå kommandolinja med ditt OneCall-abonnement. Enjoy!

Read more…

Categories: TechStuff, Things Lunix, TricksAndTips Tags: