Om oss
Ormset Flor og Fipleri er eit enkeltmannsforetak som driv garden Bakkan på Ormset. I 2025 overtok eg heimgarden, og driv no med utleige av jord og eigedom, jaktrettar og skogsdrift — ved sida av ein ordinær dagjobb i IT-bransjen, der eg har hausta erfaring i snart 30 år. No er det på tide å hauste frå det jorda gjev i tillegg.
Namnet fortel historia: flor er nynorsk for fjøs, og fipleri er ein plass der ein fiklar og puslar med ting — passande for å drive med IT. To heilt ulike verder som trivst godt saman på éin og same stad.
Tenester
Jordleige og eigedom
Dyrka mark, utmark og eigedom på garden er for tida fullt utleigd.
Jakt
Eigedomen har jaktrettar på både hjortevilt og småvilt, og begge leigast ut i partalsår. Hjorteviltet er utleigd for 2026, og sannsynlegvis òg for minst 2028. Småviltet er framleis tilgjengeleg for leige — ta kontakt for detaljar om vald, viltbestand og betingelsar.
Skog og ved
Delar av skogen er hogstmogen. Garden har minisagbruk, og sel tømmer som reine stokkar eller ferdig sagd. Sel òg ved — anten som kubbe eller kløyvd. Det er ikkje ved tilgjengeleg for sal før tidlegast i 2027. Prisar etter avtale og tilgang.
Husdyr Planlagt
Vi arbeider med å ta opp att husdyrhaldet på garden. Planen er høner, oppal av slaktegris og sauer. Vi vil òg ha ammekyr av ein gamal norsk rase. Dette kjem etter kvart som kapasitet og tilhøve tilseier det.
Planteproduksjon Planlagt
Det kan bli aktuelt å prøve seg på planteproduksjon etter kvart. Aktuelle vekstar er urkorn, poteter, lauk, kål og andre hardføre vekstar som høver til klimaet på Ormset.
IT-konsulent
Eg har snart 30 år bak meg i IT-bransjen. Utanom vanleg arbeidstid kan eg ta på meg mindre oppdrag, dersom eg finn dei fagleg interessante nok. Eg er ikkje på jakt etter kva som helst, men dei rette oppgåvene er eg genuint interessert i å hjelpe med:
- AI i praksis — Eg brukar AI-verktøy til å utvikle løysingar raskt, og har kompetansen til å teste, verifisere og sørgje for at dei faktisk fungerer i den samanheng dei skal brukast. Ikkje berre prøve og håpe.
- Sky-løysingar — Arkitektur, drift og optimalisering på offentlege skyplattformer.
- Linux — Systemdrift, administrasjon og utvikling.
Eg er ikkje ein som seier «AI ordnar alt». Eg er ein som har nok røynsle til å bruke det fornuftig — og til å oppdage når resultatet ikkje held mål.
Kontakt
Ta gjerne kontakt på e-post for spørsmål om jordleige, jakt, ved eller IT-konsulentoppdrag.
- Gardsdrift
- gardsdrift@ormset.no
- IT-konsulent
- fipleri@ormset.no
- Adresse
-
Ormset Flor og Fipleri
c/o Ola Ormset
Ormsetvegen 310
6690 Aure - Org.nr.
- Kjem så snart brreg har tenkt seg om