Video

← Tilbake til framsida

Vedmaskin til leige Ny

Me har investert i ein splitter ny Teak XL Pro HW (Ø48, AL-KO bremser) — ein av dei mest kapasitetssterke vedmaskinene som finnest for privat- og utleigebruk. Maskina er godkjend for transport på offentleg veg, og kan leverast og hentast på avtala stad.

Med eit hydraulisk mateband på 190 cm og eit transportband på 320 cm går vedproduksjonen raskt og effektivt. Du kan fylle opp til tre vedsekkjer i éi oppsetting utan å flytte maskina. Produksjonskapasitet er omlag 3–4 m³ i timen med tømmer på løpande band.

Hovudeigskapar

  • 20 tonn kløyvekraft
  • Diameter opp til Ø48 cm
  • 22" sverd og kjede frå Stihl
  • Hydraulisk mateband (190 cm) og transportband (320 cm)
  • Helhydraulisk sagefunksjon med akkumulator
  • Hydraulisk stokkeholder og knivstyring
  • Sving på transportband – kan fylle 3 vedsekkjer i éi oppsetting
  • Justerbar vedlengd 30–60 cm
  • EL-start, 13,5 HK Briggs & Stratton motor
  • Eigen tank for sagkjedeolje (5 L)
  • AL-KO bremsar – godkjend for køyring på offentleg veg
  • 2 års fabrikkgaranti (gjeld ikkje slitedelar)

Tekniske data

Kløyvekraft 20 tonn
Maks stokk-diameter Ø48 cm
Motor Briggs & Stratton 13,5 HK
Sverd og kjede 22" (Stihl)
Mateband 190 cm (breidd 19 cm)
Transportband 320 cm
Vedlengd (justerbar) 30–60 cm
Kjedeolje-tank 5 L
Start EL-start
Transport Tilhengarmontert, AL-KO påløpsbremsar
Kapasitet 3–4 m³ per time

Maskina er ny og enno ikkje teken i bruk. Opplæring i bruk og sikker handtering vert gitt ved levering. Leigaren er ansvarleg for maskina i leigperioden. Maskina kjem med 4-delt kniv som standard; 6-delt kniv kan avtalast.

Tilleggsutstyr til leige

Garden har òg eit stokkebord med hydraulisk mating og løftefunksjon som kan leigast ut saman med vedmaskina. Stokkebordet gjer det mogleg å handtere tunge og store stokkar effektivt og skånsamt — og er eit kjærkomt supplement for produksjon i større skala. Pris og tilgjengelegheit etter avtale — ta kontakt for meir informasjon.