Archive

Archive for the ‘In the news’ Category

OLPC er fin, men står den seg mot EEE PC?

March 13th, 2008 1 comment

Dagbladet har endeleg oppdaga OLPC, og skriv faktisk ein ok artikkel om historien og tanken bak den. For oss som er litt meir vaksne er slike små ultramobile laptopar ganske så interessante å ha med når ein er på farten, og OLPC er bortsett frå den horrible fargen eit ganske bra alternativ. Det finnest dog ein annan liten røvar som heiter EEE PC, som er konkurransedyktig i pris (vi snakker USA-priser..).  Laptopmag.com har ei artig samanlikning mellom OLPC og EEE PC. Personleg tykkjer eg at EEE PC har ein stor fordel i at han har eit tastatur med tactile feedback, gummimatta til OLPC er ikkje spesielt god å skrive på IMHO. Og ein skulle vel tru at softwaren til OLPC (Linux) skulle klare å køyre på Linux-baserte EEE PC også?

Categories: In the news, Things Lunix Tags:

Wow.. I wish I was smart enough to work for google :)

July 7th, 2006 No comments

Just take a look at this article – my God, those Googlers have a sweet deal.

At my workplace we are beginning to appreciate the need for privacy as well, so we will be stuffing two to three people into the same office. I am really looking forward to it.

Categories: In the news, Stuff Tags:

Kvifor eg ikkje kjem til å bruke blogg-systemet til VG.

December 4th, 2005 No comments

Eg tenkte at dette kunne vere gøy å ta ein kikk på. Og gøy var det. Eg lo meg ihjel allereie ved EULA’en. VG prøver å drepe alt det som gjer ein blogg til ein blogg og gjere det heile om til ei tannlaus greie dei kan bruke for å tene penger. Meininga med ein blogg er at ein som privatperson kan få komme til orde og gje utrrykk for sine faktiske meiningar på den måten ein har lyst til å utrrykke seg. VG har misforstått dette litt, ser det ut som. Det opprinnelege innlegget mitt ligg her, på VG sin “blogg”. Dersom dei skulle finne på å slette det (om seks månader forsvinn det i alle fall sidan eg ikkje har tenkt å betale 10 spenn i halvåret for å ha dette innlegget der) så finn du originalen ved å trykke på “Les meir”.
Read more…

Categories: In the news Tags:

Endeleg nokon som kan verdsette oss som ikkje er trendy, urbane og/eller (metro|homo)file

November 5th, 2005 No comments

Godt å høyre at det ikkje berre er i reklamen ein kan komme lenger med sjarme, initiativ, rett-på-sak-haldning og glimt i auget ;D

Les meir på Linn sin blogg: Linn – Værra med meg hjem i natt?

Categories: In the news, Uncategorized Tags:

Kva slags tullete kommunesamanslåing er dette?

September 25th, 2005 No comments

Aure sitt kommunevåpen


Tustna sitt kommunevåpen


Svein Leirdal sitt forslag til kommunevåpen. Alle kopirettar og eigarskap tilhøyrer Svein Leirdal.

Frå min utkikkspost nede i Halden ser eg at opprinnelseskommunen min no skal slåast saman med den vesle øykommunen Tustna. Dei einaste bra tinga i dette partnerskapet er at Aure er større enn Tustna, og at den nye kommunen vert heitande Aure.

Men så kjem krisene slag i slag:

  • Den nye ordføraren vert ein eller annan gubbe frå Tustna.
  • Kommunevåpenet vårt, dei flotte adosserte ørnane, vert dumpa til fordel for Tustna sin godt gulna klippfisk! At dei tørka mykje fisk ute på holmane sine på Tustna i gamle dagar er greit nok, men klippfisken har ikkje vore ei stor eksportnæring for Aure, så kva vi skal med den i kommunevåpenet er eit stort spørsmål for meg. Heller då ørnane som symbol for den fantastiske naturen på nordmøre.

    Svein Leirdal frå Aure kom faktisk opp med eit fantastisk bra forslag til kommunevåpen, der det vert vist ein båt av ein type som har vore særeigen for Aure og Tustna frå gammalt. Men det forslaget vart sjølvsagt dyssa ned med grunngjevinga at det kom for seint. Som de ser av biletet til venstre så sameinar forslaget til Svein Leirdal både kystkulturen på ytre Nordmøre som begge kommunar har sterke innslag av, båten som bindemiddel mellom Aure og Tustna og Ytter-Nordmør sine gamle kristne tradisjonar – vi var vel nokre av dei første som vart kristna her i landet meiner eg. I tillegg har Aure gamle tradisjonar som stort prestegjeld der folk måtte nytje båt for å komme seg til kyrkja på sundagane.

  • Aure er den siste reine nynorskkommunen på nordmøre, det vert nytja nynorsk i alle 5 skulekrinsane der oppe no (til og med friskulen på Nordlandet har nynorsk). Dei åndssvake Tustningane er glade i bokmål, og øydelegg såleis statistikken vår.
  • Grunnen til samanslåinga er at vi vil ha bruforbindelse til Tustna for å komme oss fortare til Kristiansund. Hallo! Ein øydelegg ikkje integriteta si berre for å få ei bru!
  • Ein annan grunn som vert gjeven er “Være en utviklende og attraktiv arbeidsplass for de ansatte”. Orsak tante Ann, men ein skal da ikkje ha ein kommune for at det skal vere utviklande for dei ansatte – det er jo for å tilby tenester til befolkninga! Dette blir nesten som bompengeselskapa som bruker millioner på seminarer og tull.

Men eg reknar med at alle desse ytre tinga er staffasje som skal få Tustningane, som den minoriteten dei er, til å føle seg litt mindre overkøyrde i prosessen ;)

Categories: In the news Tags: