-
BIH Central Equities
Posted on July 4th, 2009 1 commentEndeleg er domene-piraten Karl-Oskar Fosshaug ute av business. Norid har sperra domena hans og kasta han ut som registrar. Ein siger for alle oss som har prøvd å registrere eit domenenamn berre for å oppdage at Central Equities allereie har snike seg til det heilt urettmessig.
Fosshaug burde blitt bura inne i tillegg, men ein kan ikkje få alt ein ønsker seg her i verda.
-
Venter berre på første indentitetstjuveri.
Posted on June 8th, 2009 6 commentsEniro, selskapet bak telefonkatalogen.no/gulesider.no har nettopp vore så greie å berre publisere fødselsdatoen min på nett utan mitt samtykke. Så dersom du har lyst til å stjele identiteten min er dette no så lett som å gå til telefonkatalogen.no og finne adresse og fødselsdato, og så finner ein årstalet i skattelistene. Deretter kan ein bruke ein personnummer-generator for å finne det faktiske personnummeret. Eller sjekke mot websider som validerer identiteten din basert på personnummer.
Tidlegare har eg i alle fall prøvd å vere påpasseleg med å ikkje legge ut fødselsdatoen min på heimesida mi, Facebook, MSN og liknande. Då eg no vurderte å registrere meg som brukar hjå Eniro for å få skrudd av fødselsdatoen min blir eg møtt med dette bruksvilkåret:
Ja, jeg samtykker til at de personopplysninger jeg har lagt inn kan gjøres tilgjengelige i denne og andre søketjenester fra Eniro Norge AS.
Trur ikkje det, nei.
Denne saka har fått stor merksemd på Twitter under taggana #eniro og #enirofail, i tillegg til at nettavisene no ser ut til å hive seg på.
-
Fyken for medlemskap i Piratpartiet + link til chatten
Posted on March 10th, 2009 No comments
Eit medlem av det svenske Piratpartiet, Jonas Bergling, fekk sparken for å offentleg ytre seg om politikken til partiet han er medlem av. Dette er noget spesielt i alle fall her til lands. Bergling er i kontakt med advokat for å finne ut om han fekk fyken på lovlig vis.Den orginale saka finn ein på NA.se.
Digi.no og ITavisen.no har også plukka opp saka – legg merke til korleis artikkelen på ITavisen berre er eit popularisert samandrag av den meir utfyllande artikkelen til Digi
Den omtalte chaten gløymde dei begge å linke til, den finner du også hos NA.se, med eit kort utdrag i tillegg.
-
OLPC er fin, men står den seg mot EEE PC?
Posted on March 13th, 2008 2 commentsDagbladet har endeleg oppdaga OLPC, og skriv faktisk ein ok artikkel om historien og tanken bak den. For oss som er litt meir vaksne er slike små ultramobile laptopar ganske så interessante å ha med når ein er på farten, og OLPC er bortsett frå den horrible fargen eit ganske bra alternativ. Det finnest dog ein annan liten røvar som heiter EEE PC, som er konkurransedyktig i pris (vi snakker USA-priser..). Laptopmag.com har ei artig samanlikning mellom OLPC og EEE PC. Personleg tykkjer eg at EEE PC har ein stor fordel i at han har eit tastatur med tactile feedback, gummimatta til OLPC er ikkje spesielt god å skrive på IMHO. Og ein skulle vel tru at softwaren til OLPC (Linux) skulle klare å køyre på Linux-baserte EEE PC også?
-
Wow.. I wish I was smart enough to work for google :)
Posted on July 7th, 2006 No commentsJust take a look at this article – my God, those Googlers have a sweet deal.
At my workplace we are beginning to appreciate the need for privacy as well, so we will be stuffing two to three people into the same office. I am really looking forward to it.


