I dag kom endelig snekkaren for å gjere ferdig listene våre og sette inn døra. Etter det skal elektrikaren gjere litt småplukk, og så hadde badet vore heilt ferdig.
Når ein skal montere dører spikrer ein dei som regel opp med tre spikrar på kvar side av dør-ramma. Snekkaren vår bruker skruer. Han bruker tydeligvis dei samme skruene på gammel vane, men når heile veggen han har å skru i er 2 tommar tjukk kan han ikkje bruke 5 tommar lange skruar.. då blir resultatet slik vi ser her. Rett gjennom vegg, membran og flis.
Den forbaska snekkeren skal vere satans glad han hadde dratt før vi oppdaga den megatabben her. Det verste er at den nederste skruen kjem ein ikkje til og får bytta flisa på fordi den ligg bak det innflisa badekaret. Så resultatet er at ein må ta ned igjen innredninga for å kunne mose ned fliseveggen mot badekaret slik at ein kjem til og får bytta flisa før ein må lage ny flisevegg og sette opp innredninga igjen…
Dette kjem sannsynligvis til å ta meir enn ein dag, og da får dei faen meg fikse det etter ferien min. 2/3 av ferien min har gått til helvete pga dei satans handverkarane som ikkje kan passe hverken tidsfrister eller jobben sin, og no ER EG UTRULEG DRITTLEI.
Argh.
Dessverre hender det at fliser sprekker under transport eller ved uhell på byggeplassen, og dette blir som regel ikkje oppdaga før ein setter i gang med å fuge flisa på plass i veggen – og da er det for seint sidan den allereie er limt fast. Og da blir det eit helvete med å få flisa ned frå veggen igjen, ein må til med meisel og hammar, og det tek masse tid.
Grunnen til at flisa sit så hardt fast er at veggflisa ikkje er lagd av porselen, men av brent leire. Difor sug ho til seg limet slik at det heile vert sitjande utruleg godt fast. Limet og membranen fester seg og heilt til kvarandre, og då vert det heile drege ut når ein skal bytte flisa. Ingen heldig situasjon.
Den stakkars flisleggjaren har heldt på i snart ein time med 2 flis, så det heilt store overskotet vert det kanskje ikkje å hente ut av akkurat den jobben…
I føljetongen “Hurra for handverkarane” har vi denne gongen kome til avdelinga “Montere badekar 101″.
Dette er nemlig slett ikkje trivielt. For det første måtte vi jo flytte badekaret på grunn av artigheita med armaturen (sjå denne posten). Så når vi da flytter badekaret må det naturlig nok vatrast opp på nytt sidan golvet ikkje er flatt – badegolv skal jo ikkje vere flate. Du veit, vatn og sluk og denslags greier. Så først måtte rørleggeren og meg vatre opp sjølve karet før han kunne begynne å lage fliskanten rundt.
Så går det ei stund før han roper til meg at eg må komme og sjå. Då viser det seg at rørleggarane hadde “montert badekar” og så gløymt å skru opp støttebeina for karkanten! Uten desse kan karet faktisk kollapse dersom det er fullt av vatn. For ikkje å snakke om at karet kan tøye seg og øydeleggje fliskanten rundt. Profesjonelle folk skal ikkje gjere slike tabbar.
Så da var det berre å finne fram skiftenøkkel ein gong til og gjere opp att jobben etter dei som kallar seg fagfolk. Eg er rimeleg skuffa over at det skal vere så satans masse krøll heile tida. Eg forventa meir profesjonalisme.
This post is not available in english.
Vi driv som kjent på med oppussing av badet. Det har vi gjort sidan mai. Vi blei lova at det skulle vere ferdig fredag 22. juli slik at vi skulle få fred i ferien. Haha. Phat chance. I dag er det torsdag 28. og dei er framleis ikkje ferdige med røropplegget i kjellaren, dei har ikkje dukka opp her i dag, og dei har møkka ned alle golva våre med svart gugge. I tillegg, som ein kan sjå har dei bomma rimeleg grovt med plassering av armaturen på badet. Vi skal ha ein flisekant på venstre sida der, men sjølv om vi kutter ut den kanten blir alt feil. Så dei må opne veggen og flytte heile sulamitten. Rørleggeren har vore grei og tatt ansvar for dette, så det blir nok bra. Håper vi.
Moralen vår er låg for tida, og vi vurderer å be dei komme tilbake etter ferien for å gjere seg ferdig slik at vi slepp å sjå dei meir medan vi prøver å slappe av.