Kvifor er det egentlig galt å lese tilsettes epost?
No er det ei ny sak i media om ein arbeidsgjevar som har lest eposten til ein tilsett og fått bot for det. Eg blir like overraska kvar gong desse sakene kjem opp. Som ordinær arbeidstakar sjølv har eg problemer med å forstå kvifor det skal vere ulovleg for arbeidsgjevar å lese dei tilsette sin arbeidsepost så lenge epost er eit så vitalt arbeidsverkty som det er. Det aller meste av min kommunikasjon på jobb går i alle fall på mail, og dersom eg skulle bli sjuk skjer det fort at saker stopper opp, og då er det veldig praktisk at kollegene mine kan gå inn og sjekke i epostarkivet mitt kva status er og kva som har skjedd eller har blitt avtalt. Eg har sjølv åpna opp for at sjefen min og dei av kollegene som driv med dei same tinga som meg og difor har bruk for å kunne finne oppdatert informasjon om det eg driv med får lov til å lese eposten min.
Eit av argumenta for å nekte arbeidsgjevar å lese epost er at det er “personlig epost”. Vel. Dersom ein vil ha personleg epost der ein er heilt sikker på at sjefen ikkje les eposten din hverken lovlig eller ulovlig så skaffer du deg ei epostadresse UTANFOR jobben sitt epostsystem – hos gmail eller liknande. Så kan ein bruke denne adressa til å utveksle sladder om sjefen og nakenbileta frå siste sydenferie. Heller enn å forby sjefen tilgang til den tilsette sin epost burde dei påby arbeidsgjevar å gje den tilsette assistanse til å komme i gang med ei gratis epost-teneste for personlige ting og så gjere det klart at jobb-eposten kan bli lest nårsomhelst av kvensomhelst.
Eg trur at med litt sterkare fokus på at jobb-mailen din faktisk ikkje er din personlige epost så vil vi unngå så mange problemer rundt dette. Det er lov å håpe..
Helt enig! Men hvis det i subjectfeltet på en mail står f.eks. “Hvordan står det til?”, så bør vel sjefen forstå at det ikke er jobbrelatert? Men, de fleste bedrifter har vel i policyen sin at all mail sendt med jobbmailkontoen kan bli lest av ledelsen, så de ansatte bør jo være klar over det…