Kva i all verda er ein limpost?
Sidan eg er i språknazi-modus i kveld sendte eg dette til NORID.
Hei.
Vi satt og snakka litt på IRC her i kveld, og ein kar lurte på kva i all verden ein "AAAA limpost" var. Eit kjapt google-søk avslører at den einaste plassen dette ordet er brukt er på http://www.norid.no/registrar/sos.html . Heller ikkje der var det forklart kva ein limpost er.
Etter litt kreativ gjetting trur vi at det er snakk om ein glue record. Stemmer dette?
De snakkar og om "SOA-post", "NS-poster" og "A-poster". Etter å ha googla litt (igjen) ser det ut for at det er berre de og Google si norske brukarrettleiing som kallar det noko anna enn SOA-record, NS-records og A-records.
Eg skulle ønske de kunne bidra til litt mindre forvirring ved å bruke etablert teknisk terminologi på nettsidene dykkar. Dersom de meiner at de bidreg til å gjere det enklare for meinigmann å lese dette ved å finne opp ny terminologi er det mi meining at de bommer på skiva sidan folk som ikkje veit kva ein "glue record" er heller ikkje vil klare å finne ut kva ein "limpost" er sidan det berre er de som brukar det - i tillegg uten å forklare kva det er. Hadde de brukt "glue record" ville folk kunne finne hundrevis eller tusenvis av nettsider som kunne forklart dei kva det var. "Limpost" er det umogleg å finne ut av kva er.
Forøvrig er ikkje meinigmann publikummet dykkar heller, så å begynne å finne opp pussige norske uttrykk på denne måten har vel ikkje noko for seg i det heile teke.
Dette er eit ope brev, som også ligg ute på http://ormset.no/wordpress/2009/03/06/kva-i-all-verda-er-ein-limpost/ . Eventuelle svar vert også publisert her.
Ha ein god ... måndag, antar eg.
Med beste helsing, Ola.