Hurra for posten
Etter å ha venta i to veker på HD-tuneren min frå Canal Digital kjem den endelig i posten.Glad og forventningsfull spretter eg ned til postkontoret for å hente den nye dippedutten min! Og kva møter meg der? Jau, dette:
Det er vel kanskje ei trøyst at pakken i det heile teke kom fram, men at dei klarte å knuse den såpass er ganske utruleg. Hadde vore fint om Canal Digital kunne bruke ein seriøs aktør som UPS eller DHL neste gong.
Det artige er jo at posten i dag bytta logo og fekk det nye slagordet “Nå skal vi levere dobbelt så bra – i hele Norden” – hadde pakka mi vore dobbelt så ødelagt om ho blei levert for to veker sidan da, eller? *sukk*
Categories: Uncategorized


Hmm, looks like someone used it as a sledge hammer!
Or they may have used it for an anvil. According to Newton the same effect will be caused in both cases