Potensiell stamstad i Halden
Nettopp dette skjedde med meg i dag, då eg gjekk forbi Grensen Restaurant på sørsida i Halden. Diverre hadde dei berre vanleg traktekaffe i dag, men nettet fungerte utmerkt på min Acer Aspire One med Linux etter at eg fekk WPA Personal-nøkkelen deira.
På ein ordinær torsdag var det i tillegg heilt daudt der, så eg fekk den trivelege betjeninga for meg sjølv. Servicen var sjølvsagt upåklageleg, og kyllingsandwichen eg bestilte var heilt OK.
Av andre fasiliteter kan eg nemne godt med straumkontaktar ved alle vindaugsborda, bra nettverksdekning og bra musikk med behageleg lydnivå. Det var heller ikkje noko danskebåt-liknande ventilasjonsanlegg slik som på til dømes Dickens. Tappekranene ved bardisken hadde fine skilt der det stod “Borg” og”Coca Cola”, så det er råd å få seg kvalitetsdrikke der òg.
Det einaste som var litt under pari var faktisk kaffen, som var litt vel sterk og kanskje bar litt preg av å ha stått i kanna litt vel lenge. Snakka litt med innehavaren, og det er kaffemaskin undervegs ganske snart. Det gleder vi oss til.
Med kaffemaskin, nettverk, straum, bra lyd og triveleg betjening har Grensen Restaurant godt potensiale til å bli ny stamstad etter at studentkroa la inn årene. Det blir spanande å sjå korleis resten av menyen er, neste gong blir det å teste hovudrettane.