16. mai i Halden
Endeleg var den store rånedagen her. Masse fine biler og fulle folk i sentrum. Svoger og meg var ute og råna med svigers 500SEC Mercedes, men måtte finne oss i å bli utkonkurrert både i slagvolum og lydnivå denne gongen.
Dessverre hadde purken sperra av alt som er av parkeringsplasser for trafikk, så folk vart tvungne til å køyre rundt og rundt i ring. Blir lite liv av sånt, og folk uteblir frå heile greiene. I følge denne artikkelen i Halden Arbeiderblad var ikkje eg den einaste som la merke til dette. Med eit slikt massivt politioppbod som det på onsdag skulle ein tru at ein kunne klare å halde ein viss kontroll sjølv utan å låse ned heile sentrum på den måten. Det er nesten så ein forstår kva dei annsleise ungdommane i København driv og bråkar for – dei får heller ikkje lov å utfolde seg i sin eigen heimby.
Nei, 16. mai 2007 var ein skikkelig nedtur – takk vere våre skattefinansierte offentlege tenarar. Til avslutning fortener dei denne: Purken suger agurken.

