Kvifor eg ikkje kjem til å bruke blogg-systemet til VG.
Eg tenkte at dette kunne vere gøy å ta ein kikk på. Og gøy var det. Eg lo meg ihjel allereie ved EULA’en. VG prøver å drepe alt det som gjer ein blogg til ein blogg og gjere det heile om til ei tannlaus greie dei kan bruke for å tene penger. Meininga med ein blogg er at ein som privatperson kan få komme til orde og gje utrrykk for sine faktiske meiningar på den måten ein har lyst til å utrrykke seg. VG har misforstått dette litt, ser det ut som. Det opprinnelege innlegget mitt ligg her, på VG sin “blogg”. Dersom dei skulle finne på å slette det (om seks månader forsvinn det i alle fall sidan eg ikkje har tenkt å betale 10 spenn i halvåret for å ha dette innlegget der) så finn du originalen ved å trykke på “Les meir”.
Regler for VG Blogg
En blogg er et massemedium som kan få stor slagkraft og alvorlige følger, og ansvaret som hviler på deg som blogger er stor. VG Nett har derfor utformet følgende regelverk som alle brukere av VG Netts blogg plikter å følge:
- Legg vekt på saklighet og omtanke i innhold og presentasjon.
Dette er ein blogg. Ein blogg er personleg. Personleg medfører at det er lov å vere usakleg, subjektiv og uomtenksom. At VG sine tilsette må ha andre reglar når dei nytjar presentasjonsforma blogg er noko heilt anna enn det som gjeld for ytringsfridomen til privatpersonar i dette landet.
- Vis respekt for menneskers egenart, privatliv, rase, nasjonalitet og livssyn. Fremhev ikke personlige og private forhold når dette er saken uvedkommende.
Private og personlige tilhøve er alltid saka vedkommande, ettersom ein alltid vil kommentere andre ut i frå sin eigen ståstad og referanseramme.
- Du er ansvarlig for kommentarene som kommer i din blogg og plikter å slette kommentarer som bryter med disse reglene.
Dersom eg får ein kommentar som er skikkeleg over kanten i min eigentlege blogg ser eg det som ei god anledning til å kunne komme i dialog med folk som meiner ekstreme ting, slik at eg kan komme med saklege motargument og kanskje ha ei moglegheit til å nå fram til dei. Dette er uoppnåeleg dersom ein skal sensurere kommentarer på den måten.
- Det er god skikk å oppgi kilden for det du skriver. Du er forpliktet til å følge norske opphavsrettsregler.
Greit nok.
- Du forplikter deg til ikke å krenke privatlivets fred.
Heh! Snakker om å kaste stein i glasshus! Dersom Straffelova sin $390 skulle vorte fulgt til punkt og prikke er ansvarleg redaktør i VG den første som hadde vorten bura inne i 3 mnd – fleire gonger etterkvarandre. Makan til lettvint omgang av “Med bøter eller fengsel inntil 3 måneder straffes den som krenker privatlivets fred ved å gi offentlig meddelelse om personlige eller huslige forhold.” som det VG bedriv til vanleg er det vel vanskeleg å finne (jada, ‘Se og Hør’ og ‘Her og Nå’ er i ein klasse for seg sjølv,
- Privatpersoner skal ha mulighet til å ettergå informasjon om dem selv.
Kva meiner de med dette? Bloggen ligg da rett på nett?
- Feilaktige opplysninger skal rettes snarest mulig.
Blogg er personleg. Eg kan lyge alt eg vil. Dersom eg ikkje er i konflikt med paragrafer i lovverket er det ingen som seier at eg ikkje kan dikte alt eg vil. Kva om eg vil at bloggen min skal vere ein interaktiv, men oppdikta roman?
- Vær varsom med å opprette pekere til innhold som bryter med dette regelverk. Du kan ikke skrive, laste opp, linke til eller på annen måte publisere noe som kan medføre straffeansvar, er ærekrenkende, rasistisk, truende, obskønt, pornografisk eller på annen måte er i strid med norsk lov.
Sjå kommentaren min til kommentar-sensuren dykkar. Dersom eg skriv om eit kontroversielt emne meiner eg det er min rett til å faktisk omtale kor ein kan finne/oppleve dette. Å ikkje gjere dette vil vere som at VG berre kunne skrive “Det finnes narkomane” istadenfor “Narkotikamiljøet på Plata vokser hver dag” – her forteller de svake sjeler kor narkotikamiljøet finnes, og lager såleis ein link til staden. Folk skal sjølv kunne få ta standpunkt til om dei vil besøke staden eller ikkje, tykkjer de ikkje?
- Innlegg må hovedsakelig skrives på norsk, svensk, dansk eller engelsk
Kvifor ikkje samisk? Samisk er eit offentleg norsk skriftmål, det er IKKJE dei tre sistnemnde.
- VG Nett forbeholder seg retten til på et hvilket som helst tidspunkt å trekke tilbake innlegg, bilder og kommentarer som vi mener er i strid med dette regelverk.
I staden for å gå i ein offentleg dialog med bloggaren der alle fakta i saka er tilgjengeleg vel de å berre fjerne kontroversielt innhald. Artig.
- Du kan utestenges fra VG Netts innloggingstjenester ved gjentatte eller alvorlige regelbrudd.
- VG Nett beskytter ikke brukere fra rettslige etterspill.
Ingen kommentarer.
- VG Netts blogger kan kun brukes på en ikke-kommersiell måte.
- VG Nett forbeholder seg retten til å vederlagsfritt bruke dine blogginnlegg redigert for egnet medie.
Skal vi se… Bloggeren får ein sterkt sensurert, detaljstyrt puseblogg der han/ho ikkje får lov til å linke til pappas økologiske gårdsbutikk ein gong, medan de får gratis innhald som de kan bruke for å melke penger ut av blogg-hypen? Fantastisk deal, eigentleg – for dykk.
Eg er glad eg har min eigen nett-tenar der eg kan legge ut kva eg vil (så lenge eg følger norsk lov, sjølvsagt) i min eigen blogg.