Home
>
In the news > Kva slags tullete kommunesamanslåing er dette?
Kva slags tullete kommunesamanslåing er dette?
 Aure sitt kommunevåpen
 Tustna sitt kommunevåpen
 Svein Leirdal sitt forslag til kommunevåpen. Alle kopirettar og eigarskap tilhøyrer Svein Leirdal.
|
Frå min utkikkspost nede i Halden ser eg at opprinnelseskommunen min no skal slåast saman med den vesle øykommunen Tustna. Dei einaste bra tinga i dette partnerskapet er at Aure er større enn Tustna, og at den nye kommunen vert heitande Aure.
Men så kjem krisene slag i slag:
- Den nye ordføraren vert ein eller annan gubbe frå Tustna.
- Kommunevåpenet vårt, dei flotte adosserte ørnane, vert dumpa til fordel for Tustna sin godt gulna klippfisk! At dei tørka mykje fisk ute på holmane sine på Tustna i gamle dagar er greit nok, men klippfisken har ikkje vore ei stor eksportnæring for Aure, så kva vi skal med den i kommunevåpenet er eit stort spørsmål for meg. Heller då ørnane som symbol for den fantastiske naturen på nordmøre.
Svein Leirdal frå Aure kom faktisk opp med eit fantastisk bra forslag til kommunevåpen, der det vert vist ein båt av ein type som har vore særeigen for Aure og Tustna frå gammalt. Men det forslaget vart sjølvsagt dyssa ned med grunngjevinga at det kom for seint. Som de ser av biletet til venstre så sameinar forslaget til Svein Leirdal både kystkulturen på ytre Nordmøre som begge kommunar har sterke innslag av, båten som bindemiddel mellom Aure og Tustna og Ytter-Nordmør sine gamle kristne tradisjonar – vi var vel nokre av dei første som vart kristna her i landet meiner eg. I tillegg har Aure gamle tradisjonar som stort prestegjeld der folk måtte nytje båt for å komme seg til kyrkja på sundagane.
- Aure er den siste reine nynorskkommunen på nordmøre, det vert nytja nynorsk i alle 5 skulekrinsane der oppe no (til og med friskulen på Nordlandet har nynorsk). Dei åndssvake Tustningane er glade i bokmål, og øydelegg såleis statistikken vår.
- Grunnen til samanslåinga er at vi vil ha bruforbindelse til Tustna for å komme oss fortare til Kristiansund. Hallo! Ein øydelegg ikkje integriteta si berre for å få ei bru!
- Ein annan grunn som vert gjeven er “Være en utviklende og attraktiv arbeidsplass for de ansatte”. Orsak tante Ann, men ein skal da ikkje ha ein kommune for at det skal vere utviklande for dei ansatte – det er jo for å tilby tenester til befolkninga! Dette blir nesten som bompengeselskapa som bruker millioner på seminarer og tull.
Men eg reknar med at alle desse ytre tinga er staffasje som skal få Tustningane, som den minoriteten dei er, til å føle seg litt mindre overkøyrde i prosessen
|
|